Skigruppa i Vågå IL har satt opp ei oversikt over kven som skal væra med å hjelpe til på Mån på skirenna for vinteren 2018 (sjå vedlegg). Dersom du er satt opp på ein dag det ikkje passar finn du nokon å byte med sjølv.
Det trengs i hovudsak hjelp til utdeling av startnummer, starting og innsamling av startnummer. Den dagen du/dykk har ansvaret er det lurt å ha på litt ekstra klede.