Skigruppene på Tessand og i Vågå minner om organisert skileik på Mån som startar opp torsdag 10.januar klokka 18.00-19.00. Det vil bli servert kveldsmat i klubbhuset klokka 19.00. Ta med 10 kroner.
Dette gjeld ungar frå 1. klasse og oppover. Gjerne også vaksne. Dei eldre barna (om lag 5. trinn) får tilbod om meir spesifikk teknikktrening, men framleis mykje leik. Dei eldste held nok på til 19.30.