Vågå IL 100 år // Idrettsgalla, jubileumsmiddag og folkefest

Vågå Idrettslag fyller 100 år – bli med å feire den spreke jubilanten!

Vi pyntar idrettshallen i gult og blått, og inviterer alle vener av idretten i Vågå til å ta del på storslått idrettsgalla laurdag 16.november. Underhaldning, musikk, idrett, overraskingar, gallamiddag og fest: Kvelden er delt inn i tre avdelingar – og du vel sjølv kva delar du vil ta del i – meir info blir lagt ut etter kvart:

IDRETTSGALLA kl 18 – 20:00 // 200 kr

  • Underhaldning ved fotball-, handball- og skigruppene
  • Lansering jubileumsbok
  • Kulturinnslag
  • Utdeling æresmedlemskap
  • Sportslige sprell

GALLAMIDDAG kl 20 – 21:00 // 250 kr

  • Tallerkenrett for inntil 150 personar
  • Kakebord

FESTKVELD kl 21 – 02:00 // 250 kr

  • Levande musikk
  • Sportsbar
  • Aldersgrense 18 år

Billett for heile kvelden: 600 kroner.

BILLETTAR vil bli lagt ut for sal i august 2019.

Idrettsgallaen er Vågå-idretten sin jubileumskveld og vagverene sin moglegheit til å feire eigen innsats på og utanfor idrettsbana.
Vågå Idrettslag inviterer til idrettsgalla for å hylle utøvarar, ildsjeler, lag, trenarar og idrettslaget for kjempeinnsats gjennom 100 år.

Du treng korkje vere sprek, sportsgal eller medlem i Vågå Idrettslag for å ta del på Idrettsgallaen Vågå i 100. I feiringa av Vågå-idretten er det plass til alle!

Velkomen, vagverer i alle aldre og ambisjonsnivå – vil dykk vere med på feiringa så heng på her: https://www.facebook.com/events/708539879602519/

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s