Vågå IL 100 år // Idrettsgalla og jubileumsmiddag

Vågå Idrettslag fyller 100 år – bli med å feire den spreke jubilanten!

Laurdag 16.november pyntar vi kulturhuset i gult og blått, og inviterer alle vener av idretten i Vågå til å ta del på idrettsgalla. Underhaldning, musikk, idrett, overraskingar, gallamiddag og fest. BILLETTAR ligg nå ute til sals i servicetorget på kommunehuset.

IDRETTSGALLA MED FESTMIDDAG KL 19 – 23:

  • Underhaldning ved undergruppene
  • Lansering jubileumsbok
  • Kultur- og musikkinnslag
  • Utdeling æresmedlemskap
  • Trekning vinnar elbil-lotteriet
  • Historisk filmavis
  • Sportslige sprell
  • Musikk
  • Fjølmat og kakebord

Konferansierar: Mari Wedum og Finn Pettersen

BILLETTAR vil ligg ute til sals i servicetorget på kommunehuset fram til og med torsdag 14. november.

Idrettsgallaen er Vågå-idretten sin jubileumskveld og vagverene sin moglegheit til å feire eigen innsats på og utanfor idrettsbana. Vågå Idrettslag inviterer til idrettsgalla for å hylle utøvarar, ildsjeler, lag, trenarar og idrettslaget for kjempeinnsats gjennom 100 år.

Du treng korkje vere sprek, sportsgal eller medlem i Vågå Idrettslag for å ta del på Idrettsgallaen Vågå i 100. I feiringa av Vågå-idretten er det plass til alle!

Velkomen, vagverer i alle aldre og ambisjonsnivå – vil dykk vere med på feiringa så heng på her: https://www.facebook.com/events/708539879602519/

Foto: Atletar på Søremsvollen 1926. Utlån: Ingeborg Båtnes/Alette Brenden

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s