Forsikring

Alle barn som er medlemmar av eit lag tilslutta NIF, er forsikra gjennom Norges Idrettsforbund fram til den datoen dei fyller 13 år. Utøvarar dekkjer eigen forsikringslisens der dette er naudsynt. Forsikring ungdom (13-19 år):

  • Fotball: Forsikring gjennom NFF (spelar må vere registrert i FIKS).

For meir informasjon (Link).

  • Handball: Alle som har betalt lisens (LISE eller LISE+) er forsikra. Betalast av kvar

einskild utøvar. For vilkår (Link).

  • Ski: Årslisens (grunnlisens eller utvida). Betalast av kvar einskild utøvar.

Informasjon om Idrettsforsikring for barn (Link)

Melding av skade

Foreldre må melde skade til forsikringsselskapet så snart som råd. Uansett skadeomfang er dette viktig av omsyn til eventuelle seinskadar. For å melde skade gå til: Meld skade (Link).

For handballspelarar 13 år og eldre, må skade meldast via egen lisensforsikring (Link).
Skadar i samband med turntrening for utøvarar 13 år og eldre, skal meldast til Gjensidige, mer info (Link).

Forebygging av skadar

Sportsleg plan inneheld føringar for gjennomføring av treningar, men i hovudsak skal følgande tiltak gjerast for å forebygge skadar:

  • Oppvarming og moderat uttøying.
  • Bruk beskyttelsesutstyr, til dømes leggbeskyttere, ankelbeskyttere og rett skotøy.
  • Fokus på jamn treningsprogresjon og rett totalbelasting gjennom veka.
  • Nedjogging etter trening/konkurranse.
  • Viktig å få i seg næring rett etter trening/konkurranse.

For meir detaljert informasjon om relevante skadeforebyggande øvingar for kvar idrett, sjå skadefri.no.