Vågå IL 100 år // Idrettsgalla og fest

Vågå Idrettslag fyller 100 år – bli med å feire den spreke jubilanten!

Vågå Idrettslag fyller 100 år – bli med å feire den spreke jubilanten!

Vi pyntar idrettshallen i gult og blått, og inviterer alle vener av idretten i Vågå til å ta del på storslått idrettsgalla laurdag 16.november. Underhaldning, musikk, idrett, overraskingar, gallamiddag og fest. BILLETTAR ligg nå ute til sals i servicetorget på kommunehuset. (Program oppdatert den 22.08).

IDRETTSGALLA M/MAT kl. 19.00 – 21:30 // 400 kr (0-12 år: 200,-)

  • Underhaldning ved undergruppene
  • Lansering jubileumsbok
  • Kulturinnslag
  • Utdeling æresmedlemskap
  • Sportslige sprell
  • Fjølmat og kakebord

FESTKVELD kl 22.00 – 02:00 // 250 kr

  • Levande musikk
  • Sportsbar
  • Aldersgrense 18 år

Billett for heile kvelden: 600 kroner.

BILLETTAR ligg nå ute til sals i servicetorget på kommunehuset og online fram til den 10. november. Billettar til kun festen selges også ved døra.

Online salg (Ikke barnebillett): Klikk her

Idrettsgallaen er Vågå-idretten sin jubileumskveld og vagverene sin moglegheit til å feire eigen innsats på og utanfor idrettsbana.
Vågå Idrettslag inviterer til idrettsgalla for å hylle utøvarar, ildsjeler, lag, trenarar og idrettslaget for kjempeinnsats gjennom 100 år.

Du treng korkje vere sprek, sportsgal eller medlem i Vågå Idrettslag for å ta del på Idrettsgallaen Vågå i 100. I feiringa av Vågå-idretten er det plass til alle!

Velkomen, vagverer i alle aldre og ambisjonsnivå – vil dykk vere med på feiringa så heng på her: https://www.facebook.com/events/708539879602519/

Foto: Atletar på Søremsvollen 1926. Utlån: Ingeborg Båtnes/Alette Brenden