Retningsliner trenar/lagleiar

Godtgjering trenar/lagleiar

  • Barne- og ungdomsfotball: Ingen økonomisk godtgjering.
  • A-lag: 20.000,- til hovudtrenar og 5.000,- til hjelpetrenar.
  • Vågå IL-genser.

Funksjonsbeskriving trenar, lagleiar og foreldrekontakt

Kvart lag/treningsgruppe skal ha minimum ein trenar. I tillegg har lag i lagidrettane ein lagleiar og eventuelt ei foreldregruppe med ein eller fleire foreldreressursar. Når lag eller ei treningsgruppe reiser samla på cup,skal det utnevnast ein eller fleire reiseleiarar. Retningsliner for reiseleiar: sjå vedlegg i klubbhandboka (s. 26).

Trenar

Trenarane er ansvarlege for oppfølging av sitt/sine tildelte utøvere/grupper/lag. Trenarane sin kontaktperson er sportsleg leiar i kvar undergruppe. Sjå overordna sportsleg plan for trenarstige.

Oppgåver
  • Sette opp sportslege og sosiale mål for laget framfor kvar sesong i samsvar med idrettslagets sportslege plan.
  • Planlegge trening i samsvar med aktivitetsplan/terminliste og idrettslagets sportslege plan.
  • Leie treningane i samarbeid med eventuelt andre trenarar/hjelpetrenarar.
  • Møte i god tid til trening og kamp.
  • Ha dialog og samarbeid med foreldre.
  • Leie laget under kampar og turneringar.
  • Bidra i trenergruppa og møte på trenarforum i regi av idrettslaget.
  • Følgje gjeldande regelverk hjå Norges fotballforbund.
  • Sette seg inn i barneidrettsføresegnene og retningslinene for ungdomsidrett frå Norges idrettsforbund.
  • Sette seg inn i idrettslagets verdigrunnlag og retningsliner for utøvare/spelarar og trenarar.
  • Sjå til at både eigen og lagets opptreden er i samsvar med idrettslagets verdier og retningsliner.
  • Vere oppdatert på informasjon frå styret.
  • Representere idrettslaget på ein god måte.

Lagleiar

Lagleiaren er lagets/treningsgruppas administrative leiar og har ansvaret for at alt praktisk fungerar rundt laget/treningsgruppa. Lagleiaren skal overlete alt det sportslege til trenaren/trenarane.

Oppgåver
  • Ajourføre og sende inn navnelister på spelarar/utøvarar og lag til dagleg leiar. For 13 år og eldre er det særleg viktig at dette er på plass før sesongstart (med omsyn til lisens).
  • Gjere seg kjent med idrettslagets sportslege plan og klubbhandbok.
  • Arrangere foreldremøte i forkant av ny sesong. Møtelokale avtalast med dagleg leiar.
  • Gå gjennom fair play-reglar, foreldrevettreglar og sportsleg plan med alle spelarar og føresette.
  • Møte på eventuelle lagleiar- og terminlistemøter.
  • Gje informasjon til spelarar, trenarar og føresette.
  • Ansvar for å sette opp køyreliste til bortekampar. Sørge for at køyrebelastinga blir jamnt fordelt mellom foreldra.
  • Varsle dommar ved flytting av kampar.
  • Sørge for at medisinbag alltid er komplett.
  • Organisere deltaking på cupar.
  • Koordinere foreldre til tildelte dugnadar.
  • Sette opp foreldreliste for bemanning av kiosken og kampvert i samband med heimekampane.