
Bli med på skileik/ skitreningar på torsdagar!
Velkomen til artig og allsidig skitrening på Mån i vinter!
1.-4.klasse: Skileik med kursa instruktørar.
5.klasse og oppover: Skiteknikk og uthaldenheit med vegleiarar.
Tidspunkt: Kl 18:00-19.00 med oppstart den 9. januar 2020.
Skitreninga blir arranget av Tessand Idrettslag og Vågå IL skigruppa. Før og etter treninga er det moglegheit for å drive fri skileik eller ake i anlegget.
Utstyr: Har du ikkje eiga skiutstyr er det kjøpt inn nytt utstyr for utlån i klubbhuset – både sko, staver og ski i mange storleikar.
Deltakarar: Alle er velkomen – og skiløparar busett i andre kommunar enn Vågå.
OBS! Alle deltakere må betale medlemskontingent i sitt idrettslag.
Og du: Kvar tysdag er det skirenn på Mån for alle aldre, sjå eiga arrangement.
Vi håper mange vil vere med å leike seg på ski i vinter!