Trening på Heidalsskogen

Bli med på skileik/ skitreningar på torsdagar!

Det er skitrening/ skileik på Heidalssskogen kvar torsdag kl 1800. Dei yngste har skileik ein times tid, medan dei litt eldre har trening og leik ca 1,5 timar.
Etter treningsøkta er alle velkomne inn på kveldsmat i klubbhytta. Her et og drikk du så mykje du vil for kr 10,- per person!
Skitreninga er felles for idrettslaga i Heidal, Lalm og Vågå. Utøvarane blir delt i tre grupper etter alder/ nivå:

  • gruppe 1, opp til ca 3.klasse: Skileik kl 1800- 1900
  • gruppe 2, ca frå 4.- 6. klasse: Skitrening/ leik kl 1800- 1930
  • gruppe 3, ca frå og med 7. klasse: Skitrening/ leik kl 1800- 1930

Ein vel i stor grad sjølv kva for ei gruppe ein vil vera med på. For dei to eldste gruppene er det skøyting/ klassisk annakvar gong (klassisk på partalsveker. Veke 2, 4, 6 osv.. Skøyting på oddetalsveker. Veke 3, 5, 7osv..)

Velkommen!